[Top][All Lists]
[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Ordbanken versjon 2009-06-07 klar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Ordbanken versjon 2009-06-07 klar |
Date: |
Mon, 15 Jun 2009 22:46:21 +0200 |
User-agent: |
KMail/1.11.4 (Linux/2.6.29.3-desktop-1mnb; KDE/4.2.4; i686; ; ) |
Eg gløymte visst å melda om at eg hadde lagt ut ein ny versjon av
ordbankprogramvaren for ei veke sidan. Her er det viktigaste nye:
– Alle skripta (med det naturlege unntaket «bash_completion»)
er no fullstendig POSIX-kompatible, og skal derfor òg fungera
perfekt i alle andre POSIX-kompatible skal, ikkje berre i BASH.
Det same gjeld bruk av hjelpeverktøya (som «grep» og «sed»).
– Brukar no verktøyet «look» (del av «util-linux-ng»-pakken) for
over 10 gongar så raske ordbokoppslag. Viss dette programmet
ikkje er installert (lite truleg), fell me tilbake på den
gamle, trege metoden.
– Brukar optimerte/kompilerte ordlistefiler. Dei installerte
filene er no rundt 35 % mindre, og går derfor litt raskare
å slå opp i (sjølv om ein brukar «gamlemåten»). Det negative
er at det tar ganske lang tid å generera dei filene.
– Støtte for DESTDIR-variabelen ved installering. Takk til
Ketil Kvifte <address@hidden> for dette.
– Retta veldig mange småfeil (nokon som kom av optimerings-
endringane over). Sjå SVN-loggen for fullstendig oversikt.
– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-06-07-utgåva frå
Norsk ordbank.
– La til oversikt over større endringar (denne teksten).
De kan lasta ned programmet frå
https://savannah.nongnu.org/files/?group=ordbanken
Som vanlige er kommentarar, tips og programkode
hjertelig velkomne.
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- [ordbanken] Ordbanken versjon 2009-06-07 klar,
Karl Ove Hufthammer <=