[Top][All Lists]
[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Gøy med Norsk ordbank
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Gøy med Norsk ordbank |
Date: |
Wed, 28 Apr 2010 20:09:31 +0200 |
User-agent: |
KMail/1.13.2 (Linux/2.6.31.12-desktop-3mnb; KDE/4.4.2; i686; ; ) |
Mens me ventar på neste utgåve av Norsk ordbank, kan me ha det
litt gøy med den utgåva me har. For eksempel, kva er det lengste ordet i
ordbanken som kan lesast både forlengs og baklengs? Det finn me lett:
tab=$(printf '\t')
awk -F"$tab" '{print $3}' fullform_nn.txt | sort | uniq > ord
rev ord > ordb
sort ordb | uniq > ordbs
comm -1 -2 ord ordbs > baklengsord
Fila «baklengsord» inneheld no ei liste over alle desse (nynorsk)orda.
Her er dei lengste (dei på minst 7 bokstavar/teikn):
grep '.\{7,\}' baklengsord
anilina
gniding
gnissing
gnistas
gnitter
lev vel
mastiks
monaden
nedanom
rapport
reiedeier
rekkert
retting
satsing
skitsam
stillits
trebert
trekker
trenert
troppar
Det lengste baklengsordet i ordbanken er altso «reiedeier».
Bonuspoeng til dei som veit kva det tyder! :-)
Men «reiedeier» er likt både forlengs og baklengs; det
er eit palindrom. Kan me lett finna andre eksempel på
palindrom? Jepp:
paste ord ordb > ordf
awk -F"$tab" '{if ($1 == $2) {print $1}}' ordf > palindrom
grep '.\{7,\}' palindrom
anilina
gniding
gnissing
lev vel
reiedeier
stillits
trebert
trenert
Merk at denne løysinga skil mellom store og små bokstavar, so stad- og
personnamn vert aldri rekna som baklengsord eller palindrom. For å få
dei med, kan me gjera ordlista om til berre små bokstavar med
awk '{print tolower($0)}'
(for eksempel etter første awk-kommando).
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- [ordbanken] Gøy med Norsk ordbank,
Karl Ove Hufthammer <=