ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Nytt grafisk brukargrensesnitt til Ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Nytt grafisk brukargrensesnitt til Ordbanken
Date: Fri, 19 Feb 2016 22:06:51 +0100
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:38.0) Gecko/20100101 Thunderbird/38.5.1

Programmet Ordbanken er i utgangspunktet eit kommandolinjeprogram, men har lenge hatt eit grafiske brukargrensesnitt for KDE; sjå bilde på http://huftis.org/bilde/ordbanken-plasmoide.png

Men dette var laga for KDE 4, og fungerer ikkje i nyare KDE-versjonar, dvs. KDE/Plasma 5. Eg har derfor no skrive heile brukargrensesnittet på nytt, i teknologien som Plasma 5 brukar (QML).

Brukargrensesnittet kan anten køyrast som eit innebygd skjermelement, som alltid er tilgjengeleg på skrivebordet, eller som eit frittståande program. Eg har òg lagt til ein ny funksjon i denne nye versjonen. No treng ein ikkje lenger trykka «Enter» for å slå opp eit ord; programmet slår automatisk opp ordet straks søkefeltet er oppdatert. Det bør gjera programmet endå meir praktisk å bruka. Ein ganske fiffig funksjon, om eg må seia det sjølv. :)

Den nye versjonen er tilgjengeleg via SVN: https://savannah.nongnu.org/svn/?group=ordbanken Sjå LESMEG-fila for installeringsinstruksar. Det nye brukargrensesnittet kan reknast som ein alfaversjon, og eg set derfor pris på tilbakemeldingar på korleis det fungerer. (Send til lista eller direkte til meg.)

--
Karl Ove Hufthammer



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]