ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2016-03-20) klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2016-03-20) klar
Date: Sun, 20 Mar 2016 13:40:10 +0100
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:38.0) Gecko/20100101 Thunderbird/38.6.0

Eg har no lagt ut versjon 2016-03-20 av ordbanken. Her er det viktigaste nye i denne versjonen:

– Oppdatert fullformsordlistene til 2014-11-04-utgåva frå
  Norsk ordbank. (Det er den nyaste tilgjengelege versjonen
  per 2016-03-20.)

– Fullstendig omskriving av det grafiske brukargrensesnittet,
  frå Python til QML, slik at det fungerer i nyare versjonar
  av KDE, dvs. i Plasma 5. Og no treng ein ikkje lenger
  trykka «Enter» for å slå opp eit ord; programmet slår opp
  ordet straks søkefeltet er oppdatert.

– Retta problem ved bruk av «look»-kommandoen frå BSD look
  (brukt i blant anna Debian og Ubuntu-baserte distroar).
  No skal bruk av «look» for raske oppslag fungera på alle
  system (som har «look»).

  Sjå https://savannah.nongnu.org/bugs/?46362 for meir
  informasjon om problemet og løysinga.

– Lagt til AppData-fil med skjermbilde av programmet,
  samt tekstskildringar på både nynorsk, bokmål og engelsk.
  Sjå https://people.freedesktop.org/~hughsient/appdata/
  for meir informasjon om AppData-standarden.

– Retta lenkjer til Nynorskordboka og Bokmålsordboka
  i HTML-resultatvisinga. Etter at nettordbøkene bytte
  teiknkoding til UTF-8, fungerte ikkje oppslagsord som
  inneheldt teikn utanfor ASCII. No fungerer dei igjen.
  Generering av URL-kodingsfila som vert brukt går òg
  no mykje raskare.

– Gjort metadatafiler omsetbare via vanlege .po-filer.
  Merk at brukargrensesnittet til programmet enno ikkje
  er omsetbart; det finst berre på nynorsk.

– Tekniske oppdateringar/forbetringar i .desktop-fila.

De kan sjå eit bilde av det nye brukargrensesnittet på http://huftis.org/artiklar/ordbanken-versjon-2016-03-20-klar/.

De kan lasta ned den nye versjonen frå http://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein openSUSE-pakke (som truleg òg fungerer fint på andre distroar som brukar RPM) frå http://software.opensuse.org/package/ordbanken

Og som ein påskebonus, her er ei oppskrift på korleis de finn alle oppslagsorda som inneheld «påske»:

    ordbanken -r [Pp]åske | awk '{print $1}' | sort -u

Her er dei 20 påskeorda som finst i nynorskordlista:

draumepåske
draumpåske
påske
påskeaftan
påskedag
påskeeftan
påskeegg
påskefest
påskefjell
påskehelg
påskehøgtid
påskekjukling
påskekylling
påskelam
påskelilje
påskemorgon
påskemåndag
Påske-Oslo
påskeveke
Påskeøya

Merk at ordtilfanget er litt anna i bokmålsordlista. Der finn me (ved å legga til argumentet «-snb» eller «--sprak=nb») heile 48 påskeord:

drømmepåske
hjemmepåske
påske
påskeaften
påskeaktuell
påskeberedskap
påskebrun
påskebudskap
påskedag
påskeegg
påskefeiring
påskeferie
påskefjell
påskefri
påskefrokost
påskeføre
påskegjest
påskehare
påskehelg
påskehøgtid
påskehøytid
påskekamp
påskekrim
påskelam
påskelektyre
påskelilje
påskelys
påskelørdag
påskemeny
påskemorgen
påskemåltid
påskenatt
påskenøtt
Påske-Oslo
påskesol
påskestemning
påskestille
påsketid
påsketips
påsketrafikk
påsketur
påsketurist
påskeuke
påskeutfart
påskevær
Påskeøya
påskeåpen
skipåske

--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]