ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Støtte for oppslag på ordbøyingar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Støtte for oppslag på ordbøyingar
Date: Mon, 28 Mar 2022 22:30:43 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:91.0) Gecko/20100101 Thunderbird/91.7.0

Hei igjen, brukarar av programmet Ordbanken!

Eg har i går lagt til ein funksjonalitet eg har sakna i mange år. Det er no mogleg å slå opp direkte på bøyingar av ord, ikkje berre på lemma/grunnord. Til dette brukar me argumentet «--bøying» (eller kortforma «-b»). Viss me for eksempel vil sjå alle oppslag der eit ord har *bøyinga* «spurt», skriv me:

$ ordbanken --bøying spurt
spurt   spurt  subst  mask         appell  eint  ub
===
spurte  spurt  verb   imp
===
spørje  spurt  adj    <perf-part>  nøyt    ub    eint
spørje  spurt  verb   perf-part

Det kan altså vera snakk om anten substantivet «spurt», imperativforma av «å spurte» eller perfektum partisipp av «å spørje».

Argumentet kan sjølvsagt kombinerast med andre argument. Visste de forresten at det finst eit nynorskord i ordboka med to etterfølgjande å-ar? Ordbanken finn det lett:

$ ordbanken -rb åå
småete  smååt  verb  pret

Det nye argumentet er òg støtta i «bash completion»-funksjonaliteten. Viss me brukar «--bøying»/«-b» på kommandolinja, får me altså berre forslag til bøyingsord og tilhøyrande bøyingskodar.

Merk at oppslag på bøyingsord ikkje kan gjerast på same måte som for grunnord, så det går litt tregare. Men likevel rimeleg kjapt (omtrent så kjapt som når me brukar argumentet «--regulært-uttrykk»/«-r» for oppslag på grunnord).

For komplettheits skuld finst det òg eit nytt «--lemmma»-/«-l»-argument, som gjer oppslag på grunnord/lemma. Men sidan dette er standardfunksjonaliteten, er det eigentleg ingen grunn til å bruka det.

Den nye funksjonen finn de førebels berre i utviklingsversjonen («git pull» eller «git clone https://git.savannah.nongnu.org/git/ordbanken.git»). Meld frå om de finn feil.

--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]