ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Oppdaterte ordbankfiler for programmet ordbanken
Date: Mon, 28 Mar 2022 22:02:03 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:91.0) Gecko/20100101 Thunderbird/91.7.0

Hei, brukarar av programmet Ordbanken!

Eg har no flytta Ordbanken-prosjektet over frå Subversion til eit meir moderne (og for ferske utviklarar meir kjent) versjonskontrollsystem, Git. For tilgang til nyaste versjon kan de klona Git-depotet med denne kommandoen:

git clone https://git.savannah.gnu.org/git/ordbanken.git

I samband med overgangen har eg nytta høvet til å rydda litt opp i historikken (dvs. forsiktig omskriva han):

– Gamle ordlistefiler hadde svært varierande sortering, noko som gjorde at «diffar» mellom ulike versjonar vart unødvendig store og vanskelege å tolka. Har derfor sortert alle ordlistefilene på nytt, og på likt vis for kvar versjon.

– Éin versjon av den nynorske ordlistefila hadde nokre tekniske problem (to kolonnar var slåtte saman til éi). Har prøvd å fiksa dette manuelt.

– Alle loggmeldingane er oppdaterte til å følgja mønsterpraksis, dvs. ei kort samandragslinje + ev. ei lengre forklaring.

– Andre småendringar, eks. innsetjing av ei .gitignore-fil for automatisk ignorering av autogenerte filer.

– Eg klarte òg å grava fram dei to første offentleggjorde versjonane av programmet frå ei e-postliste. Har lagt desse med på starten av historikken, med dokumentasjon.

Meld frå om de finn noko som ikkje fungerer som det skal.

Første versjon var forresten på berre fem linjer (som i praksis kan slåast saman til éi):

#!/bin/sh
ordbok=~/utvikling/ordbok/nn/fullform_nn.txt
awk '{ if ( $2 == '\"$1\"') {print $0}}' $ordbok \
| fgrep -v klammeform | fgrep -v unormert \
| grep -E " <?$2" | grep -E " <?$3" | grep -E " <?$4" | grep -E " <?$5"

Gjeldande versjon er på over tusen (alle skripta til saman).


--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]