ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ordbanken versjon 2009-07-05 klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ordbanken versjon 2009-07-05 klar
Date: Sun, 05 Jul 2009 13:57:58 +0200
User-agent: KMail/1.11.4 (Linux/2.6.29.3-desktop-1mnb; KDE/4.2.4; i686; ; )

Eg har no lagt ut versjon 2009-07-05 av ordbanken. Denne 
gongen er det mykje nytt:

– Lagt til støtte for regulære uttrykk. Her er nokre eksempel:

  Dei tre orda «hei», «heim» og «heit»:
    ordbanken --regulært-uttrykk "^hei[mt]?$"

  Ord som startar på «dr» og sluttar på «ev»:
    ordbanken -r "^dr.*ev$"

  Ord som sluttar på «rama», men ikkje på «drama:
    ordbanken -r [^d]rama$

  Ord der første bokstav er «k», neste er «r»
  eller «u», tredje siste er «o» og siste er «d»:
    ordbanken -r ^k[ru]...o.d$

  Bokmålsord med (minst) 5 etterfølgjande vokalar:
    ordbanken -snb -r [aeiouyæøå]{5}

– Lagt til støtte for jokerteikna brukte i Nynorskordboka
  og Bokmålsordboka på nett («%» og «_») ved å automatisk
  gjera dei om til regulære uttrykk. Basert på kode frå
  Kristoffer Egil Bonarjee. Eksempel:

  Vis alle (grunn)orda som startar på «kr», etterfølgd
  av éin vilkårleg bokstav, så bokstavane «ss», så
  eventuelt nokre vilkårlege bokstavar, og til slutt
  ein «d»: ordbanken kr_ss%d

– Ikkje fargelegg kodane viss utdata vert send i eit røyr
  (for eksempel til programmet «less»), med mindre fargelegging
  er eksplisitt slått på. Basert på kode frå  Kristoffer Egil
  Bonarjee <address@hidden>.

– Klammeformoppføringar vart ikkje plasserte på toppen viss
  vising av klammeteikna «[» og «]» var slått av (valet «-P»
  eller «--ikkje-parentes»). Dette er fiksa, og koden for
  klammeformplasseringa er sameina, i staden for å ha éin
  for tekstvisinga og ein tilsvarande for XHTML-visinga.

– Endra måten klammeformene vert plasserte på toppen, slik
  at dei vert lagde på toppen *innanfor* kvart oppslagsord.
  Sidan programmet før berre kunne slå opp enkeltord, hadde
  dette i utgangspunktet berre ein effekt på uttrykk sette
  saman av fleire ord, som «i glømme». Ved oppslag på «i»,
  kjem «i glømme» no mellom «i gjære» og «i gløyma»,  i
  staden for på toppen av lista, som det gjorde før.

– Legg til namneromdeklarasjon ved XHTML-generering, for å få
  eit gyldig XHTML-dokument. Takk til Kristoffer Egil Bonarjee
  <address@hidden> for tips.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-07-05-utgåva frå
  Norsk ordbank.

Programmet har to nettsider, heimesida
http://huftis.org/artiklar/ordbanken/
og prosjektsida
https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå
http://download.savannah.gnu.org/releases-noredirect/ordbanken

Som vanlige er kommentarar, tips og programkode 
hjertelig velkomne.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]