ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Endring i handtering av oppføringar med mellomrom


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Endring i handtering av oppføringar med mellomrom
Date: Fri, 10 Jul 2009 19:38:52 +0200
User-agent: KMail/1.11.4 (Linux/2.6.29.6-desktop-1mnb; KDE/4.2.4; i686; ; )

Eg ønskjer å gjera ei endring i måten ordbanken handterer oppføringar med 
mellomrom. Slik det er no, vil eit oppslag på eit ord der det finst oppføringar 
med mellomrom der dette ordet er førsteleddet gje desse oppføringane som 
resultat. Eksempelvis vil oppslag på «på» gje blant anna

på rams            på rams            prep+subst           adv   @ADV
på raude rappen    på raude rappen    prep+adj+subst       adv   @ADV
på si              på si              prep+subst           adv   @ADV
på skakke          på skakke          prep+subst           adv   @AD

Eg vil endra dette slik at for eksempel «på» berre gjev grunnordet «på» og 
bøyingane. Det finst to grunnar til dette:

For det første støttar ordbanken no jokerteikn og regulære uttrykk, slik at 
ein lett kan finn oppføringar med mellomrom. Det var ikkje mulig før. Med 
endringa kan me til og med finna *alle* oppføringar som består av fleire enn 
eitt ord. Det er ikkje mulig slik ting fungerer no.

For det andre vil denne endringa gjera søket ein del raskare. Grunnen er at 
eit søk utan jokerteikn no faktisk utfører *to* søk, eitt etter «ord » 
(uttrykk der «ord» er førsteordet), og «ord<tab>» (berre ordet «ord» og 
bøyingane til dette). I dei fleste tilfellet er søket «ord » heilt unødvendig, 
og gjev ikkje nokon treff.

Nokon protestar på denne endringa?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]