ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Gruppering og sortering på grunnord og paradigme


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Gruppering og sortering på grunnord og paradigme
Date: Thu, 06 Sep 2012 19:44:52 +0200

Til neste versjon av Ordbanken har eg planar om å legga til støtte for
gruppering og sortering på grunnord og paradigme:
https://savannah.nongnu.org/bugs/index.php?37289

No er rett tidspunkt å ropa ut om de har synspunkt på korleis denne
funksjonen skal vera.

Her er det eg i utgangspunktet har tenkt (kopiert frå «feil»-rapporten
ovanfor):

På grunn av homografar av grunnord, eks. verbet/substantivet «hoppe»,
bør ulike ord, som definert av numerisk ID, skiljast i visinga, for
eksempel med strekar mellom kvar gruppe.

I tillegg bør ulike paradigme av same ord også skiljast. Dette for å få
fram bøyingsmønster som:

dra el. draga, dreg, drog, drege
el.
dra, drar, drog, dradd/dratt

Ein kan altså skriva perfektumforma «drege» anten ein brukar
infinitivsforma «dra» eller «draga»/«drage», men brukar ein «dratt»
eller «dradd», må ein skriva «dra» i infinitiv.

For eit meir omfattande eksempel, sjå ordet «stride» i nynorskordboka:
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=stride&nynorsk=+&ordbok=nynorsk

Begge grupperingane må vera valfrie (men på som standard).

Viktige ting for implementeringa:

– Må også fungera med HTML.
– Utsorteringa av duplikat må skje berre innanfor kvart paradigme.
– Må legga til støtte for dei nye grupperingsvala i
bash-completion-skriptet.

Merk at alt dette fører til at nye kolonnar må leggast til i
ordlistefilene, noko som gjer ein del større.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]