ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Re: [ordbanken] Gruppering og sortering på grunnord og paradigme


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Re: [ordbanken] Gruppering og sortering på grunnord og paradigme
Date: Tue, 18 Sep 2012 20:54:54 +0200

to. den 06. 09. 2012 klokka 19.44 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Til neste versjon av Ordbanken har eg planar om å legga til støtte for
> gruppering og sortering på grunnord og paradigme:
> https://savannah.nongnu.org/bugs/index.php?37289 

Det er no gjort. De kan sjå korleis det ser ut i det grafiske
grensesnittet her (i tekstgrensesnittet vert gruppene skilde med
strekar): http://huftis.org/kritikk/ordbanken-gui.png

Bildet viser korleis oppslagsorda vert grupperte og korleis bøyings-
paradigma vert skilde (ordet «merkjeøks»). Merk at grupperinga også vil
fungera for homograf, altså (oppslags)ord som vert skrivne likt, men er
forskjellige ord. Eitt eksempel er ordet «fly», som er seks forskjellige
ord – to substantiv, eitt adjektiv, to verb (med avleidde adjektiv) og
eitt adverb. Alle desse «orda» vert viste i eigne grupper.

For øvrig er no oppslagsorda til venstre lenkjer til definisjonane i
Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]